Så mange tusen dråper ramlar ned
Og hår og sminke går i sønder
Og stega som eg går no, utan deg
Dei ber kun halvvegs heim

For du elska meg så stille,
Eg høyrde berre det eg ville

Byen er så tom no, utan deg
Åh eg er Lost, på framand veg
No har eg kun ei regning etter deg,
Som eg må ta,
For all den tid eg var,
Di Ingebjørg

Den siste gjesten har takka for i kveld
Og eg, eg trur eg er aleine.
Då kjem du her med natta likevel,
Så nær eg nesten kan nå

Åh, du elska meg så stille
Kan du bli litt, kjære snille?

For Oslo er så tom no utan deg
Eg er Lost, på framand veg
No har eg kun ei regning etter deg,
Som eg må ta,
For all den tid eg var,
Di Ingebjørg

Gullet,
Det som me skulle
Finne du og eg,
Før skyer var på veg
Du hadde boge
Og eg hadde pil
Og vi skaut oss ut og fri

Åh, eg er så tom no utan deg
Eg er Lost, på framand veg
No har eg kun ei regning etter deg,
Som eg må ta,
For all den tid eg var
Di Ingebjørg