Tekst/Melodi: Ingebjørg Bratland

 

Det er mørkt høyr larmen frå ein by

og ljosa dempast her på ny

Det er tyngre å gå

med høge hælar på

Ho går ein omveg likevel

Unngår gata der du heng i kveld

 

Eimen av parfyme ligg i lufta enno

Sjølv har ho fordufta, kvar blei ho av?

 

Det er seint og stjernene er tent

Og natta gøymer mang ei lengt

Ho skålar i gin

Ho spelar og ho vinn

Ingen kan navnet hennes her

og ho ler det bort om nokon ber

 

Eimen av parfyme ligg i lufta enno

Sjølv har ho fordufta, kvar blei ho av?