Tekst/musikk: Bob Dylan
Til norsk ved Bjarte Hjelmeland

Når regnet slår i mot deg der du går
og når du ikkje veit di arme råd
Då vil eg halde deg i tusen år
fordi eg elskar deg

Når alle nattas stjerner viser seg
og ingen er der for å trøste deg
då skal du alltid ha ein heim hjå meg
fordi eg elskar deg

Eg veit du ikkje har bestemt deg,
men eg lar deg ta den tid du vil
For eg forstod heilt frå begynnelsen
Det er hjå meg du høyrer til

Eg ofrar hørsel eller syn for deg
Eg kryp naken gjennom byen for deg
Ingen kraft på jord kan hindre meg
Fordi eg elskar deg

No rasar stormen over opent hav
Og gjennom sorg sin mørke skog
Framtidas vind vil blåse himlen klar
Alt skal bli mykje betre enn du trur

Eg vil sjå deg lukkeleg, vil sjå deg glad
Gje deg alt det som du ville ha
Alt du har drømt om skal bli av ein dag
Fordi eg elskar deg