Ingen som du

 

Melodi: Espen Lind

Tekst: Ingvar Hovland

 

Sjå deg for kring dine føter

Ville vekster av mange slag

Dei lever i lag

Og her har dei røter

 

Så sjå

Du høyrer med!

 

For du har både vett nok, mot nok, ro nok

Og du er både bra nok, sterk nok, god nok

Du er den blomen du skulle vera

Kom med dine draumar, kom med di tru

 

For ingen er som du

Lauv og lyng lyser i mot meg

Gjev meg glede og tenner tru

Det same gjer du.

Så skund deg og rot deg

 

Og sjå

Du høyrer med!

 

For du har både vett nok, mot nok, ro nok

Og du er både bra nok, sterk nok, god nok

Du er den blomen du skulle vera

 

Kom med dine draumar, kom med di tru

For ingen er som du

 

Eg kan sjå deg som ein ven i verden

som ein eg treng her på denne lange ferden

For eg har sove i vakker seng

blant ville vekster i blomeeng

 

 

For du har både vett nok, mot nok, ro nok

Og du er både bra nok, sterk nok og god nok

Ja, du har både vett nok, mot nok og ro nok

Og du er både bra nok, sterk nok og god nok

Du er den blomen du skulle vera

Kom med din draumar, kom med di tru

For ingen er som du