Min aller kjæraste

Å har du sett min aller kjæraste

for han var alt som var for meg

eg veit han fór så langt her unna

og på vegen glømte han meg

 

Å om eg var ei einsam svale

eg fauk så høgt langt her ifrå

Eg song med ternene på himmelen

ja, song om deg min kjære venn

 

Å har du sett min aller kjæraste

for han var alt som var for meg

Sjå no har månen sjølv snudd ryggen til

og han du veit har glømt meg heilt

 

Å når det mørknar over fjella

og heile verda ligg og søv

Då reiser eg til kalde vatnet

og legg meg ned og grin i fred

 

Å har du sett min aller kjæraste

å veit du kvar han blei av

Å har du sett min aller kjæraste

for han var alt som var for meg