T/M: Ingebjørg Bratland
Det var ikkje meininga å kysse deg
likevel blei det slik i kveld
Kontrollen mista eg i forfjor
Og det var ein fredag
Var du redd?
Det var eg
Og har du svevd?
Det har eg
Det var ikkje meininga å snike seg
Burt og vekk, ut i frå vårt daggry,
men trua drakk me opp i forgår
og det var ein søndag
Var du redd?
Det var eg
Og har du svevd?
Det har eg
Det var deg eg ville ha,
men det blir aldri av
Det var meg du ville ha,
men det blir aldri av
Det var det me ville då,
men det blir aldri av
For det var gull, det var gull, det var alt me ikkje var
når natta blei til dag
Det var ikkje meininga å reise slik
miste tak, rømme frå den kvelden
men motet rasa vekk med snøen her
Og det var desember