Stål

Tekst/melodi: Ingebjørg Bratland

 

Eg veit eg lova deg ein song

eg trur ikkje tida blir så lang

Så høyr her no

Eg held det eg lovar bror

 

Tilsammen var eg hundre menn

og du var den som låg igjen

ja, i mitt sinn

så mana eg fram eit skjold

 

Alt som varmar, alt som riv

Alt som brenne i mitt liv

det kan du aldri ta frå meg

hjarta som eg gav deg var til låns

Og berre så du veit det

det var av stål

 

Stemma mi ho visnar bort

Rustar i ein sliten kropp

men før det svinn

er helsinga songen min

 

Alt som varmar, alt som riv

Alt som brenne i mitt liv

det kan du aldri ta frå meg

hjarta som eg gav deg var til låns

Og berre så du veit det

det var av stål

 

Det finnest hundre vegar dit

og det som rakna, det som slit

det legg eg att

i lova land finst inga mørke natt