T/M: Sarah McLachlan

Norsk oversettelse: Ingebjørg Bratland

 

Rim på stogeglaset

frost på kvar ei grind

og over alt er minner om deg

for kvart eit steg eg tek

 

Det er seint og månen blenkjer

men søvn set ingen fri

Eg ligg vaken og  minner glimrar

hóss’ hånda di heldt mi

 

Når stilla blir for vond å takle

Og ei natt så lang

 

Då er det slik eg ser deg

I snø ein julemorgon

Fryd og glede rundt deg

 

Og du,

du lyfter armane til værs

Eg gøymer minna inni her

 

Å som eg lengtar no til deg, min ven

Kan du sjå meg?

Og vil eg nå deg?

Ein dag igjen

 

Eim av glede bivrar enno

om kvardagsdraumen

Ser over trea

mot stjernehimmelen

der du bur no

 

Då er det slik eg ser deg

I snø ein julemorgon

Fryd og glede rundt deg

 

Og du,

du lyfter armane til værs

Eg gøymer minna inni her

 

Å som eg lengtar no til deg, min ven

kan du sjå meg?

Og vil eg nå deg?

Ein dag igjen….