T: Ingebjørg Bratland

M: Ingebjørg Bratland/Martin Sjølie

 

Ein gong i fjor,

når vinteren drog

stod du her og hang,

nynna på ein sang

Om sommar og vår

men stormen kom fort tilbake

 

Lykka og du

ba om å snu

Ville heim igjen,

ta det om igjen

Du song deg heilt hit,

men lengta deg langt tilbake

 

Finne du fram?

Møtte du han?

Eg hinta til deg om,

når blikket ditt var heilt tomt

Finne du fram?

Fekk du min song?

 

Eg sendte med ein vind,

når du gjekk rundt i blinde

 

Månen er svak,

men mørket ligg bak

alle skyene

Ser du stjernene?

Frå bakerste rad,

som bleikna, men kom tilbake

 

Skyer bles avstad

Sjå opp, kjære, er du snill

for himmelen er ellevill

Vinden den har snudd

om berre for ei lita stund

kan du høyre songen