Biografi

Ingebjørg Bratland blei fødd på Porsgrunn sjukehus den 8. mai i 1990. På veg heim såg faren at det vart flaka frå alle hus, og han gledde seg stort over ein slik gest for ein nybakt far. At det var frigjeringsdagen streifa aldri tanken der han køyrde stolt og glad heim til Edland, øvst i Telemark. 

Ingebjørg viste tidleg interesse for musikk, og då ho blei introdusert for folkesong i barnehagen var det allereie tydeleg at ho var eit uvanleg talent. Melodiane tok ho til seg i rekordfart og tekstane sat med ein gong. Ut att kom songen med imponerande ornament og ein heilt naturleg sans for kvedingas syngemåte. Talentet var toppa med ei stemme som kunne trollbinde kven som helst. Eit nytt stjerneskot frå eit av folkemusikkens kjerneområde var tent. 

Med mor si Elizabeth og songlærar Ellen B. Nordstoga som fylgjesveinar vart det utallige turnear og oppdrag frametter barneåra, før ho som ungdom kom til Skien for å gå musikklinja. Etter det gjekk vegen til Noregs Musikkhøgskole i hovudstaden. Problemet til Ingebjørg var at ho allereie var så populær og etablert som utøvar at ho ikkje hadde tid til å vera på skulen. Derfor blei studentlivet heller kortvarig og livet som artist på fulltid starta tidleg. 

Det var mange som ville lage plate med Ingebjørg. Den einaste som var skeptisk var ho sjølv. Ho blei med på notane til håpefulle produsentar den eine gongen etter den andre. Fire plater vart påbyrja, og avlyste, for det stemte ikkje med det Ingebjørg ville formidle. Men det hindra ikkje namnet hennar å bli meir og meir kjent og omtykt. Ho samarbeidde med store namn innan norsk jazz, ho song i kongens 70-årsdag (og slo gjennom på TV med eit brak) og ho gjorde eit umåteleg inntrykk då ho med stødig røyst song «Til ungdommen» i minnekonserten for 22 juli ofra, berre dagar etter terroren, 21 år gamal. Men noko eiga album hadde ho enno ikkje gjort. 

Albumartist vart ho nesten som i eit kompromiss då ho saman med Odd Nordstoga gav ut plata Heimafrå i 2013. Som femtenåring hadde Ingebjørg sunge på låten «Jul i Svingen» som Odd hadde laga til NRK-serien med same namn, men no skulle dei to gjera eit heilt album. Odds idé var at ho måtte bruke stoffet ho hadde i seg frå folkemusikken, og saman jobba dei fram ei plate som tok utgangspunkt i folkemusikkrepertoaret dei begge hadde med seg, nettopp, heimanfrå Vinje. Plata vart ingen radioslager. Men ein heftig turné som starta i gamle samfunnshus og enda i store kulturhus – hundreogtrettiseks konsertar – sytte likevel for ein stor suksess. Heimafrå blei også heidra med Spelemannsprisen i klassa for folkemusikk det året. 

No var det ingen veg attende for Ingebjørg. Allereie året etter kom plata Berre meg med songen «Ingen som du» og plasserte Ingebjørg heilt på toppen blant norske artistar. Med eit nyvunne uttrykk mellom folkemusikk og pop som ikkje mange i Noreg hadde frå før gjorde ho stor suksess. Og nye songar kom som perler på ei snor: Nancy Griffith-omsetjinga «På avstand», Dylan-omsetjinga «Fordi eg elskar deg», «Ljos», samarbeidet «Stjernene» med Lars Vaular, «Di ingebjørg» og mange fleire. 

Ingebjørg har heile tida fokusert på songen sin, at det er det som er det vesentlege. Sjangermessig har ho derfor eksperimentert i ulike retningar og samarbeidd med mange ulike produsentar. Ho har laga mange låtar sjølv som har fest seg blant publikum, men er også ein omsetjar av rang, noko «På avstand» er eit godt døme på.

I 2020 sette Ingebjørg seg ned og sette saman juleantologien «Klokkene kallar» på Cappelen Damm, før ho stupa inn på enno ein ny arena – revyscenen. «Ei ganske sann historie» gjekk ein sesong på sjølvaste Chat Noir og seinare tok ho med seg forestillinga ut på turné. Det blei heile førti konsertar. Etter det pakka Ingebjørg kofferten og blei med på Tv2 serien «Hver gang vi møtes» hausten 2022. Ikkje uventa førte TV-programmet til nye store konsertar og turnéar. 

I 2023 hadde det gått ti år sidan Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga laga prosjektet Heimafrå.  Ingebjørg hadde ei tid tenkt at det ville vore fint med eit nytt samarbeidd, og Odd var med. Denne gongen vill dei blande inn meir orginalmateriale i fokemusikken, og slik blei det. Langt heimafrå er nye songar signert Odd Nordstoga blanda med nokre viser og stev frå heimtraktene. Plata er spelt delvis inn i Irland med syskenparet Séamus og Caoimhe Uí Fhlatharta som gjester og delvis i Propeller studio i Oslo med Kåre Vestrheim som produsent. Då plata kom ut var planen heile tida å legge ut på ein turné. Det er på konsertar at Ingebjørg og Odd sitt stoff kjem skikkeleg til sin rett. Det viste seg også fort at publikum var einige i dette. Det eine konserthuset etter det andre vart utseld og ein måtte legge til konsertar og stader for å møte etterspurnaden. Det som skulle slutte i starten av desember 2023 enda til slutt langt uti februar 2024. Då hadde dei spelt 99 konsertar for over 50 000 menneske!

Ingebjørg og Odd likar godt å jobbe saman og stemmene deira er på mange måtar vokse opp i det same jordsmonnet. Kanskje det er derfor dei to har blitt ein stor duo i norsk musikkliv. Mot jul i 2024 bar det ut på ein felles og utseld adventsturné med Det Norske Kammerorkester. Kanskje blir det nye samarbeid i framtida? Men fyrst skal Ingebjørg vidare på si eiga musikalske ferd, med konsertar, plater og forestillingar. Det er ingenting å lure på. Det ein kan lure på er kva som finns på dei fire platene som Ingebjørg aldri gav ut.