T/M: Geir Øyvind Hvidsten

 

Som ei eisam bølge

Trenge vann

Og ein vind som følger

Den i land

 

Om du ikkje er

Er eg ingenting

 

Som eit hav av mørke

Glir mot dag

Og lar ljoset tørke

Natta av

 

No som du er her

Treng eg ingenting

 

Du har satt spor i meg tida aldri slit vekk

Eg skal halde deg høgare enn himmelen rekk

La meg løfte deg opp for kvart steg som du fell

La meg gje deg min morgon, la meg gje deg min kveld

Eg skal halde deg her frå til redselen forsvinn

Og der mørket siv ut er der ljoset slepp inn

Alt vi ikkje forsto skal ein dag finne ord

Og ingenting

Kan måle seg her på jord

 

Det lovar eg deg

Det lovar eg deg