M: Thåström/Per Hägglund

T: Thåström

Norsk oversetting: Ingebjørg Bratland

 

Om du skal over sundet

ein stille sommarkveld

vil du ta med ei helsing

til ein veldig spesiell

Kan du gje han denne songen

og sei til han ein dag

at eg alltid var så stolt

av det me fekk i lag

sei at nokon av dei beste

dagane eg ha

var dagane me delte

som eg aldri kjem i frå

og sei at eg lei meg

for alle feil som blei

men at ingen av dei mange

var meint å såre det me var

 

Sei, sei, sei

alt der frå meg

 

Og ikkje gløm å nevne

det var mange ord han sa

som eg alltid skal ta med meg

ja, han kunne ver’ så bra

og sei at eg meiner

det trengst mange fleir’ som han

han har eit streif av noko større

og fortel han om du kan

at eg veit han trur mitt hjarta

er ein død og iskald stein

sei at lite kunne vera meire feil enn nettopp det

Det er berre om eg skulle gitt

alt han ville ha

ville ingenting av det han elska frå starten

til slutt vært noko av

 

Sei, sei, sei

alt det der frå meg

 

Eg veit han leitar etter

noko enkelt, noko reint

eg veit han lengtar etter

det eg aldri kunne gje

men sei at eg håpar

han finne ei som kan

sei at eg håpar han finne ei som

leier han i land